Fister kyrke ligg vakkert til på ei høgd over Fistervågen. Kyrkja blei bygt i 1867, og er ei tømra langkyrkje med tårn, teikna av arkitekten Hans Ditlev Franciscus von Linstow.
Kyrkja har preikestol, altertavle, døypefont og noko kyrkjesølv frå den gamle kyrkja på Fister (1604-1867).
I kyrkja heng det eit krusifiks frå 1500-talet.
Det er om lag 20 gudstenester, 3-4 vigsler og 8-10 gravferder i Fister kyrkje kvart år.
Fister kyrkje har om lag 230 sitjeplassar.
Kyrkjebakken 2, 4139 FISTER