Storsatsing i Årdal Taxi

Morten Hetland

Morten Hetland

Sjølv om mange distriktsdrosjar kringom i landet har blitt lagt ned dei siste åra, har Arild Torbjørnsen og Årdal Taxi valt å satsa på ei dobling av kapasiteten.

Då Hjelmeland Taxi leverte inn sitt siste drosjeløyve i sommar, var det duka for ei utviding av Årdal Taxi. Arild Torbjørnsen driv no eit drosjeselskap med fire bilar. Etter kvart som det går opp for kundane at Årdal Taxi no er det einaste drosjeselskapet i kommunen, har oppdragsmengda teke seg noko opp.

– Det er store investeringar og faste utgifter med å ha fire bilar i drift, men likevel er det sjeldan alle fire bilane er bemanna samstundes. Eg tykkjer likevel det er greitt å ha nok bemanning og materiell til å ta av dei travlaste trafikktoppane, fortel drosjeeigaren frå Årdal.

Bærebjelken i Årdal Taxi er pasienttransport og skuleskyss, som til saman utgjer om lag 90 prosent av omsetjinga. Arild tok over Årdal Taxi i 1995, då faren hans blei for sjuk til å driva drosjeselskapet. Fram til 2002 kjørte han òg lastebil medan han dreiv Årdal Taxi, men seinare overtok han løyvet formelt, og blei drosjeeigar på heiltid.

DROSJEEIGAR: Arild Torbjørnsen eig det einaste drosjeselskapet i Hjelmeland. (Foto: Morten Hetland)

– EIN LIVSSTIL

Drosjenæringa har endra seg mykje på relativt kort tid. Tidlegare blei drosjetransport sett på som eit luksusgode.

– Eg har opplevd å setja av eldre passasjerar 200 meter før den staden dei skulle, berre for at folk ikkje skulle sjå at dei kom i drosje, humrar Arild.

Arild har ingen ni-til-fire-jobb. På mange måtar ser han på yrket som drosjeeigar som ein livsstil.

– Den dagen eg blir søkkrik på taxi, så kjører eg ikkje taxi lenger, slår han fast.

Drosjeeigaren meiner at det aldri hadde vore mogleg å dobla kapasiteten i Årdal Taxi utan gode medhjelparar.

– Eg er svært avhengig av å ha sjåførar som vil kjøra for meg. No er me ein heil gjeng som dreg lasset saman, og sidan me no i praksis har monopol, er det meir å gjera for dei som vil kjøra drosje. Me har fleire turar, og får dermed nytta materiellet betre. Likevel er det sjølvsagt meir administrasjon og logistikkutfordringar når ein skal halda styr på fire bilar, fortel Arild, og legg til at kabalen for turane ofte blir lagt éin kveld før turane skal kjørast, men når morgonen gryr kan kabalen veldig fort bli sundriven.

– Ein kan ikkje vera innstilt på kva tidspunkt ein skal starta og slutta på jobb. Sjølv om storparten av kjøringa skjer mellom klokka sju om morgonen og fire om ettermiddagen, kan me òg ha 18-timars arbeidsdagar der me ikkje kjører meir enn fem timar til saman. Så lenge ein møter velvilje i alle ledd, så går kabalen likevel opp til slutt!

GOD KAPASITET: – Årdal Taxi har no fire drosjar disponible, seier dagleg leiar Arild Torbjørnsen (i midten). Drosjesjåførane Ottar Bjørkeland (t.v.), Jan Gjøse (t.h.) og Aud Tjentland Ullestad (ikkje til stades) hjelper til med å bemanna bilane. (Foto: Morten Hetland)

SMÅTT ER GODT

Når Arild tenkjer tilbake på tida han har hatt som drosjesjåfør og drosjeeigar, skjønar han raskt at yrket handlar om mykje meir enn å berre kjøra bil.

– Somme gonger stiller pasienten sin eigen diagnose saman med meg i bilen. Av og til stemmer det, og andre gonger stemmer det ikkje, så det er godt at eg ikkje er lege, ler Arild, og legg til:

– Eg har hatt veldig mykje kontakt med folk, og under transporten frå A til B fungerer eg nesten meir som ein sosialarbeidar. Eg har fått høyra og vita mykje som eg ikkje hadde fått vita utan å vera i denne bransjen, og brukarane har alltid vist meg stor takksemd, smiler Arild fornøgd.

– Når ein kjører drosje på landsbygda kjenner ein alle passasjerane. Eg trur at ein får eit heilt anna forhold til jobben som drosjesjåfør når ein kjenner passasjerane. Difor kunne eg aldri tenkt meg å kjøra drosje i Stavanger, meiner Arild.

Drosjeeigaren frå Årdal trur òg at pasientane har mykje igjen for å bruka små og lokale drosjeselskap.

– Pasientreiser gjev oss mykje skryt, mellom anna for å følgja pasientane heilt inn på avdelingane dei skal til, medan «bydrosjane» set pasientane av og hastar vidare til neste tur, seier Arild, tydeleg stolt over drosjeselskapet han har drive i snautt tjue år.

– Korleis ser du på framtida til Årdal Taxi?

– Så langt har eg ikkje sagt nei til ein einaste tur, og slik ynskjer eg å halda fram. Me må ikkje risikera å mista det tenestetilbodet som ein lokaldrosje er. Ein innser diverre ikkje kor viktige dei lokale drosjane er før dei manglar, fastslår Arild Torbjørnsen i Årdal Taxi.

Del:

Facebook
Twitter
E-post
Print
  • No comments yet.
  • Add a comment
    MAGASIN

    Andre artiklar:

    Hiking

    Segnomsuste Tverrgjøvle

    Me er heldigvis rikt velsigna med flotte og interessante turmål i vår del av landet. Når ein får spørsmål om å velja seg ein tur, ja, så er utvalet stort.

    Les meir »
    Leisure

    Vil bli trener på heltid

    En ferietur til Norge resulterte i fulltidsjobb hos Sterling White Halibut og trenerverv i Hjelmeland Idrettslag. Nå har Marcin Wodka (31) ambisjoner om å bli fotballtrener på heltid.

    Les meir »
    Community

    Historia om Mitt Hjelmeland

    Idéen om Mitt Hjelmeland blei fødd 8. mars 2013: Vegard Terøy og Morten Hetland ynskte å servera eit lokalmagasin til innbyggarar, gjester og næringsliv i Hjelmeland kommune.

    Les meir »