Information

Garden Fossane ligg idyllisk til i eit flott naturområde, ca. 200 meter over havet.

Vi har tre unike utleigehytter – alle gamle folgehus, med dei originale tømmerveggane og den gamle atmosfæren intakt. Alle hyttene har baderom og kjøkken.

Drikkevatnet på garden er frå eiga oppkomme, straumen kjem frå vårt eige vasskraftverk, og du fyrer med ved som kjem frå skogen vår. Du kan låna båt til å fiska middagen din.

Vi er omgitt av fantastisk natur og eit unikt kupert landskap, med bratte fjell, ville elver, mykje vatn og ein fjord nokre kilometer frå garden. Det er gode bademuligheter i elva – eit heilt naturleg, utandørs badeland.

Fossane er også eit godt utgangspunkt dersom du vil til Ritlandskrateret eller Skomakarnibbå.

Vi anbefaler at du bur eit par dagar hjå oss. På denne måten finn du roen, og kan få oppleva alt vi har å by på.

Velkommen til Fossane!

Video
Open
Open 24h today
  • Monday

    Open 24h

  • Tuesday

    Open 24h

  • Wednesday

    Open 24h

  • Thursday

    Open 24h

  • Friday

    Open 24h

  • Saturday

    Open 24h

  • Sunday

    Open 24h

  • 19.02.2025 08:43 local time

Location