Opnar kunstgalleri

Morten Hetland

Morten Hetland

Hanne Sundbø har valt å satsa på kulturbasert næring heime på garden Hagalid. I juni opnar ho døra til Galleri Eldhuset. – Eg håpar huset kan kle moderne kunst, seier Sundbø.

Etter fleire år som dagleg leiar i Reisemål Ryfylke ville Hanne Sundbø prøva noko nytt. Ho jobbar mellom anna med å utvikla ulike opplevingskonsept for grupper, og allereie 15. juni opnar ho Galleri Eldhuset heime på garden Hagalid.

På midten av 1990-talet vart det falleferdige eldhuset på garden restaurert på sin opphavlege grunnmur. Berre dei sju øvste tømmerstokkane vart brukte vidare, og det vart mura ein flott peis.

RESTAURERT: Hanne Sundbø viser fram interiøret i det restaurerte eldhuset på Hagalid, som nå skal fungera som kunstgalleri. (Foto: Morten Hetland)

– Eldhuset vart seinare berre brukt til familiesamkomer, men sist vinter fekk eg lyst til å gjera eldhuset om til eit kunstgalleri. Utstoppa dyrehovud og antikvitetar vart flytta inn i løa, og eg byrja å tilpassa eldhuset innandørs, fortel Hanne Sundbø, som har brukt våren på å gje den 24 kvadratmeter store bygningen eit ansiktsløft av dimensjonar.

På tømmerveggane heng alt frå stålskulpturar og dyrehovud, til biletkunst og hyller med flotte glas i ulike storleikar. Golvhellene og den staselege peisen er impregnert, og får ein særprega glød i lyset frå halogenlampene i taket.

GLASKUNST: Blåst glasfisk og amplar, laga av Trine Sundt i Stavanger Glassblåseri. (Foto: Morten Hetland)
RAKU: Tove Sundt-Hansen har laga desse bileta i rakubrunne steingods. (Foto: Morten Hetland)

Utstillinga rommar alt frå nøktern brukskunst til ein overkommeleg sum, til flotte skulpturar, relieff og unike bilete med prislapp på fleire tusen kroner.

Atmosfæren i rommet er spesiell, der ein står midt mellom kunstverk i alle prisklassar; alt frå små handblåste glasting, grafikk og fargerike skåler og koppar, til sølvsmykke, skulpturar og unike små og store bilete i den eksklusive prisklassen.

I årets sommarutstilling er det mellom anna bidrag frå dyktige kunstnarar som Lise Birkeland (biletkunst og stålskulpturar), Tove Sundt Hansen (akvarell og raku-brunne steingods), Anna Mary Bolstad (skjerf og puter), Artwear by Gro (kunsttrykk på dameklede), Fionas Sølv-smie (sølvsmykke), Anna Kristin Ferking (biletkunst), Tone Fleche (litografitrykk) og Trine Sundt (handblåste glasfigurar, amplar, flasker, skåler og glas i ulik storleik). Sistnemnde har òg laga ein eigen vinglasserie med, eitt glas for kvar kommune i Rogaland.

BRUKSKUNST: Fargerike skåler og koppar og krus med og utan hank, laga av Brink & in’t Veld Keramikk i Stavanger. (Foto: Morten Hetland)
DYREHOVUD: Brink & in’t Veld Keramikk har laga desse morosame heste-, saue- og fiskehovuda i keramikk. (Foto: Morten Hetland)

– Etter kvart som det kjem inn endå meir kunst, trur eg nok at det skal bli fullt med spikrar i tømmerveggane, smiler gallerist Hanne Sundbø, som gler seg til opninga.

Galleriet har ope fleire dagar i veka gjennom heile sommaren.

Oppdatering 1. juni 2022:

Hanne Sundbø har nå avslutta drifta av galleri på Hagalid.

Del:

Facebook
Twitter
E-post
Print
MAGASIN

Andre artiklar:

Community

Historia om Mitt Hjelmeland

Idéen om Mitt Hjelmeland blei fødd 8. mars 2013: Vegard Terøy og Morten Hetland ynskte å servera eit lokalmagasin til innbyggarar, gjester og næringsliv i Hjelmeland kommune.

Les meir »
Culture

Opnar kunstgalleri

Hanne Sundbø har valt å satsa på kulturbasert næring heime på garden Hagalid. I juni opnar ho døra til Galleri Eldhuset. – Eg håpar huset kan kle moderne kunst, seier Sundbø.

Les meir »
Food and Drink

Nisjeprodukt frå Jøsneset

I haust blir det slakta 100 villsaulam og 14 jersey-kalvar frå garden til Silje Sværen på Jøsneset. På nabogarden tappar Jostein Hjorteland 7.000 liter eplemost kvart år.

Les meir »
Community

Bygde husdraumen på Hjelmeland

Då Espen Bomark (30) frå Bråstein i Sandnes blei kjent med Natalie Jansen (27), hadde han ingen plan om å busetja seg i heimbygda hennar. Nå har dei blitt foreldre til to gutar, og bygd seg ein husdraum i sentrum av Hjelmeland.

Les meir »
Transportation

Att og fram i 50 år

MF «Jøsenfjord-ferjen» var det siste som mangla for å kunna opna Ryfylkevegen mellom Sandnes og Sand i 1965. I 50 år har ferjene skyssa bilar og passasjerar trygt over fjorden.

Les meir »