Lærer alfabetet med Bokstavkongen

Vegard Terøy

Vegard Terøy

På skular over heile landet jobbar Bokstavkongen for å læra born å lesa og skriva. No vil konseptskapar Halldis Eggebø Nessa (66) utvida kongeriket.

– Kva brukar me Bokstavkongen til, spør lærar Harald Ommundsen.

Førsteklassingane ved Hjelmeland skule sit rastlause på golvet framfor han, og kjempar om kven som greier å strekkja handa si høgast.

– Til å læra bokstavar, svarer ei ivrig jente, og alle hendene ramlar ned igjen. 

Harald nikkar fornøgd. Det same gjer Halldis Eggebø Nessa. Ho er òg lærar på skulen, og følgjer nøye med på korleis Bokstavkongen blir brukt i praksis.

Denne dagen skal elevane læra bokstaven H. Dei lyttar til forteljinga om korleis lyden fekk bokstaven sin, og Harald plasserer ein magnetisk H i bokstavslottet på magnettavla. Halldis smilar fornøgd – ho ser at arbeidet med Bokstavkongen ber frukter.

Kombinert med gode historier,
får elevane knaggar å hengja bokstavane på.

Ingjerd S. Nicolaysen, lærar ved Fister skule

Steg for steg

Bokstavkongen er ei samling eventyr om korleis lydane fekk bokstavane sine. Opplegget er retta mot alle som skal læra å lesa, men siktar særleg mot born som strevar med lese- og skrivevanskar.

Som leksolog har Halldis lang erfaring med born med lese- og skrivevanskar. Ho har jobba i skuleverket i årevis, jau, så lenge at ein førsteklassing ein gong spurde: – Var det bokstavar då du var lita, Halldis. 

I undervisninga har Halldis brukt Kolbjørn Hauge sine forteljingar for å læra borna bokstavar, og dei siste åra har ho brukt desse forteljingane til å utvikla sitt eige konsept, steg for steg.

– Hauge sine forteljingar var lange og detaljerte, og for om lag sju år sidan fekk eg ein idé om å illustrera forteljingane som flanellograf. Eg oppdaga etter kvart at dette fungerte bra, og eg sette meg i hovudet at det måtte ut til fleire. Rettshavaren gav meg løyve til å bruka tekstane som eg ville, og eg sette i gang med å kutta ned, skriva om, dikta vidare, klippa og lima og komponera. Først laga eg seks eksemplar i filt, og etter kvart vart konseptet utprøvd på tre-fire skular av ulik storleik, først og fremst i eigen kommune, fortel Halldis.

KONGEMOR OG LEKSOLOG: Halldis Eggebø Nessa kan mykje om lese- og skrivevanskar, og er i tillegg mora til Bokstavkongen.

(Foto: Morten Hetland)

Digital konge

Ideen med å illustrera eventyra i filt fekk Eggebø Nessa frå tidlegare erfaringar som sundagsskulelærar. Alle figurane i Bokstavkongen er no magnetiske, og blir festa på ei magnet-tavle på same måte som på dei gamle flanellografane.

Bokstavkongen erdessutan å finna på digitale plattformer som Facebook og YouTube, og som
applikasjon til nettbrett og smartboard (interaktive tavler). Dessutan er det laga ein eigen Bokstavkongen-song med tilhøyrande musikkvideo. Heile undervisningsopplegget ligg føre på
nynorsk, bokmål og engelsk.

Arbeidet med å utvikla alt dette har vore krevjande, men Halldis har fått god hjelp frå fleire hald. Prosjektet er utvikla med økonomisk stønad frå Innovasjon Norge Rogaland, Hjelmeland Vekst og SpareBank 1 SR-Bank, medan enkeltpersonar har gjeve god hjelp og rettleiing.

– Kari Sand i dåverande Hjelmeland Næringsutvikling var til svært god hjelp då eg sette i gang. Ei bekjent, Marit Linnebo Olderheim, fungerte i tillegg som mentor, og utan ho hadde ikkje dette vore mogleg. I seinare tid har ho òg utvikla dataversjonen for meg, fortel Halldis. 

Konkret og handfast

Halldis er overtydd om at undervisningsopplegget hennar vil vera til hjelp for mange. Bokstavkongen lét seg lett kombinera med ulike læreverk, og legg vekt på at borna sjølv skal kunna bidra aktivt.

– Alle barn vil dra nytte av dette opplegget, særleg dei som strevar med å læra bokstavane. Det konkrete materiellet med illustrasjonar og figurar er til god hjelp for barn som ikkje har norsk som morsmål. Bokstavkongen viser seg òg spesielt nyttig i samband med skrivehjelp, og til å førebu samanhengjande skrift. Dessutan er Bokstavkongen si eventyrverd både underhaldande og morosam, sjølv for dei som allereie kan bokstavane. Borna blir rett og slett glade i Bokstavkongen, forklarer Halldis.

Bokstavkongen

Pedagogisk opplegg for å læra elevane bokstavar.

Utvikla av Haldis Eggebø Nessa sidan 2006.

Tilgjengeleg som magnetiske figurar, og på iPad, SmartBoard, YouTube, Facebook og iTunes.

Brukt på skular over heile landet.

Finst på nynorsk, bokmål og engelsk.

– Glimrande undervisningsopplegg

Bokstavkongen har òg blitt ein suksess på barneskulen i nabobygda Fister. Der har lærarane brukt Bokstavkongen i mange år, først gjennom eventyra til Kolbjørn Hauge, og no supplert med Halldis sitt undervisningsmateriell.

Lærar Ingjerd S. Nicolaysen fortel at Bokstavkongen fungerer svært godt.

– Det er eit glimrande opplegg! Fokuset på form og plassering i bokstavslottet er viktig, og kombinert med gode historier får elevane knaggar å hengja bokstavane på, skryt Nicolaysen, og fortel vidare at Fister skule hovudsakleg bruker Bokstavkongen i første klasse, men òg som repetisjon i andre klasse.

Krevjande marknadsføring

Sidan Bokstavkongen såg dagens lys har prosjektet spreidd seg til fleire skular. Bokstavkongen blir brukt på alle skulane i Hjelmeland og Suldal, i tillegg til skular elles i Ryfylke, i Trøndelag og på Austlandet. Halldis fortel at ho får gode tilbakemeldingar.

– Marknadsføring er kostnadskrevjande, så eg går stegvis fram. Eg har hatt stand på skulemøtet i Rogaland fleire gonger, og har no fått invitasjon til å halda kurs og stand under lærarstemne på Austlandet, avsluttar Halldis Eggebø Nessa, som håpar at eventyra om Bokstavkongen kan nå ut til fleire born i framtida.

Del:

Facebook
Twitter
E-post
Print
MAGASIN

Andre artiklar:

Hiking

Segnomsuste Tverrgjøvle

Me er heldigvis rikt velsigna med flotte og interessante turmål i vår del av landet. Når ein får spørsmål om å velja seg ein tur, ja, så er utvalet stort.

Les meir »
Service

Frå pelsdyrbønder til glamorøs reiselivssatsing

For over fire år sidan annonserte Solberg-regjeringa eit forbod mot pelsdyrhald. Pelsdyrbøndene ventar framleis på erstatning, men Reidar (64) og Sissel (58) Helgesen er allereie på god veg inn i ei framtidsretta reiselivssatsing på småbruket Hetlevik på Randøy.

Les meir »
Food and Drink

“We are in the right place”

In 2008, Signe (53) and Torsten (50) moved to the small village of Fister in Hjelmeland municipality. Their sons, Sebastian (31), Leon (24), and Ole (19), joined them in the move to Norway. “It has gone really well for all three,” Signe and Torsten concludes, 14 years later.

Les meir »