Information

På Pundsnes finn du fabrikkutsalet til Jærstolen AKSEL®, den solide, tidlause stolen som aldri går av moten.

Jærstolen AKSEL® passar i alle miljø – rak i ryggen, sprek og leiken. Tradisjonell, men samtidig tidlaus. Stolen frå Hjelmeland i Ryfylke har vore ein tradisjonsbærar sidan 1938.

Den enkle forma og designet på stolen, kombinert med styrke og komfort, gjer at den framleis står sterkt.

Jærstolen AKSEL® føl ikkje moten gjennom skiftande stilretningar; den fann forma si heilt frå starten. Stolen blei skapt av Aksel Lorentz Hansson, som hadde som mål å laga ein harmonisk stol som tok seg designmessig fint ut, hadde god sitjekomfort og var robust for lang levetid.

Jærstolen AKSEL® blir produsert i fleire variantar og edle tresortar. Flaggskipet til jærstolfabrikken på Hjelmeland er den klassiske modellen, med fire spiler i ryggen og sjøgras i setet. Designet på stolen blei utbetra over tid fram til 1965, og har fortsatt det same designet i dag som då.

I 2009 blei Jærstolen AKSEL® tildelt Klassikerprisen for god design av Norsk Designråd.

Location