Informasjon

Årdal kyrkje vart bygd i tidsrommet 1914-1916, og vigsla i 1919. Kyrkja vart 100% finansiert av innsamla midlar frå utvandra årdalsbuar til Amerika.

Kyrkja har dermed ei svært spesiell historie. Departementet hadde sagt nei til soknet og soknepresten sitt ønskje om å få ei ny kyrkje i Årdal. Dermed starta årdalsbuar i Amerika ein innsamlingsaksjon for å skaffa bygda ny kyrkje. Kyrkja vart bygd, men departementet sa då nei til å ta kyrkja i bruk då ho stod ferdig. Det gjekk fleire år før godkjenninga kom, og kyrkja vart vigsla og tatt i bruk den 28. mars 1919.

Kyrkja vart omfattande restaurert i 1968. Spesielt gjeld dette innvendig. Altarbiletet er måla av stavangerkunstnaren Frank Frantzen.

Kyrkja har 250 sitjeplassar. Det er omlag 20 gudstenester i året, og vanlegvis 3-4 vigsler og 8-10 gravferder.

Stad

Kyrkjevegen 70, 4137 ÅRDAL I RYFYLKE

Følg oss
Location

Kyrkjevegen 70, 4137 ÅRDAL I RYFYLKE

Categories
Follow us
Standort

Kyrkjevegen 70, 4137 ÅRDAL I RYFYLKE

Folge uns
error: Content is protected !!