Segnomsuste Tverrgjøvle

Eldfinn Austigard

Eldfinn Austigard

Me er heldigvis rikt velsigna med flotte og interessante turmål i vår del av landet. Når ein får spørsmål om å velja seg ein tur, ja, så er utvalet stort.

Eg kan kanskje henta fram ein tur der du må slita litt for å nå målet, og som kanskje ikkje er så kjent utanfor det næraste nærområdet, nemleg Hiaheia og segnomsuste Tverrgjøvle.

Frå Årdal kjører ein inn-over mot Nes. I skogen, om lag 300 meter før parkeringsplassen ved Nes, finn du skilt som viser veg opp lia mot Tverrgjøvle. Her er det òg ein liten parkeringsplass. Derifrå går stien bratt oppover lia, gjennom idyllisk granskog. Langs stien passerer du irrgrøne stubbar og steinar, som skaper kjensle av å ferdas i urørt natur, ja, kanskje urskog kjem deg i tankane?

URSKOG: På turen oppover lia mot Hiaheia passerer du ein urskog som dette, med irrgrøne stubbar og steinar. (Foto: Eldfinn Austigard)

Vel oppe på snauheia får du vidt utsyn over resten av verda – i alle fall store delar av Ryfylke. Du kan blant anna notera deg at du ser to Tysdalsvatn frå same utkikkspunkt, for slikt er ikkje daglegdags. Og ingen andre stader enn frå Hiaheia har du så fint utsyn over den flotte Åse-garden, med den anonyme giganten Ryganfossen i bakgrunnen.

ÅSE OG RYGANFOSSEN: Fjellgarden Åse framme til venstre. I bakgrunnen fossar den mektige Ryganfossen. (Foto: Eldfinn Austigard)

Hiaheia er etter måten tung å gå, men den gjev deg ei kjensle av å ferdas høgt og fritt, sjølv om du nettopp gjekk frå parkeringsplassen der nede i dalen.

Her oppe kan du lett få assosiasjonar til både Besseggen og Preikestolen. Sjølve Tverrgjøvle var nok litt meir utilnærmeleg i tidlegare tider. Historia fortel at reinsdyra kunne ta seg fram hit, men ikkje lenger. Det kunne også vera problematisk å få jaga sauene forbi den smale eggen her, der du ser ned i Storånå på sørsida av ryggen og Tysdalsvatnet på nordsida. Ja, enkelte makta ikkje å gå over her, dei måtte krype.

MOT TVERRGJØVLE: Frå parkeringsplassen på Nes slyngjer stien seg gjennom idyllisk granskog, bratt oppover lia mot Tverrgjøvle. (Foto: Eldfinn Austigard)
VILT LANDSKAP: Like ved Tverrgjøvle strekk fjella seg 600-800 meter opp frå vassoverflata på Øvre Tysdalsvatn. (Foto: Eldfinn Austigard)

I dag er Tverrgjøvle meir gjestmildt. Gjennom åra har ein utbetra området og lagt til rette for at passasjen her skal bli mindre problematisk å ferdast på. Når du no passerer Tverrgjøvle på turen din, så vil du kanskje tenkja at dette var då ingen ting?

Du kan gå turen på halvannan til to timar, men du bør setje av to til tre timar tur/retur frå Nesskogen. Ein skal ta seg tid til å setja seg ned på slike turar.

Del:

Facebook
Twitter
E-post
Print
  • No comments yet.
  • Add a comment
    MAGASIN

    Andre artiklar:

    Transportation

    Att og fram i 50 år

    MF «Jøsenfjord-ferjen» var det siste som mangla for å kunna opna Ryfylkevegen mellom Sandnes og Sand i 1965. I 50 år har ferjene skyssa bilar og passasjerar trygt over fjorden.

    Les meir »
    Building and Construction

    Graving og transport som livsstil

    Lars Gunnar Jansen (49) byrja sin yrkesaktive karriere for 33 år sidan. Han har drive med anleggsarbeid og kjørt lastebilar og gravemaskinar i meir enn halve livet. Jobben hans har blitt ein livsstil.

    Les meir »
    Community

    Musikalske og fleirkulturelle jøsnesbuar

    Språk, kultur og musikk er viktig for familien Altamirano, der pappa snakkar spansk og mamma snakkar norsk. – Det har alltid vore spanande å ha røter i fleire kulturar, seier storesøster Malena Altamirano (23).

    Les meir »
    Transportation

    Vegarbeidar i medgang og motgang

    Kjell Johan Vigane (60) har arbeidd på og langs vegane i Ryfylke i snart
    40 år. I medgang og motgang har han gjort sitt beste for å sikra trafikantane trygge og kjørbare vegar.

    Les meir »
    Culture

    Opnar kunstgalleri

    Hanne Sundbø har valt å satsa på kulturbasert næring heime på garden Hagalid. I juni opnar ho døra til Galleri Eldhuset. – Eg håpar huset kan kle moderne kunst, seier Sundbø.

    Les meir »