Frå Glos er det god utsikt mot Fister og Ryfylkeøyane i vest, Årdal i sør og nordover mot Hjelmeland og indre Ryfylke.
Turen til Glos startar frå parkeringsplassen ved Geisfjell. Den første delen av turen er på sti langs beitemark, med ei jamn stigning. Etter kvart kjem ein inn på traktorveg, der om lag halvparten av stien går, før ein igjen går på merka sti den siste biten ut til varden på toppen av Glos, 565 meter over havet.
Turen tar om lag 1–1 ½ timar tur/retur, og er relativt enkel å gå for heile familien.
Gjessfjell, 4130 HJELMELAND