Hjelmeland Teater ber vidare teaterarva etter Hjelmeland Teaterlag (1983–1998), Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag (1999–2017) og Hjelmeland Ungdomsteater (2013–2017), og har som føremål å underhalda og driva amatørteater i Hjelmeland.
Barneteateret samlast til faste øvingar kvar torsdag i skuleåret, og har fokus på leik og kreative teaterøvingar.
Ungdomsteateret samlast til faste øvingar kvar torsdag i skuleåret, og set opp to–tre framsyningar i løpet av året.
Vaksne amatørskodespelarar er med på å setja opp minst éi framsyning i året; alt frå revyar og komediar, til musikalar og show.
Askvikbakken 1, Hjelmeland