Turvegen rundt Riskedalsvatnet er ei flott turløype, som er lett tilgjengeleg frå parkeringsplassen ved Årdal gamle kyrkje. Derifrå går turen langs den gamle Prestavegen, gjennom Bønarlia og fram til Riskedal. Stien er universelt utforma, og du kan ta deg fram på både sykkel, med barnevogn eller i rullestol.
Vil du forlenga turen, kan du følgja merka sti frå enden av traséen på Prestavegen, og vidare opp til riksveg 13. Derifrå går turstien vidare på riksveg 13, før du kjem ned til Riskedalsvatnet, og deretter langs merka sti parallelt på vestsida av riksvegen fram til trebrua over Melsånå. Vidare går turstien i sør langs Melevegen og tilbake til Årdal gamle kyrkje.
Myrkje av turstien frå Årdal gamle kyrkje, langs Riskedalsvatnet nordover Bønarlia, er restar av den gamle Prestavegen mellom Årdal og Hjelmeland. Prestavegen blei opparbeidd og tatt i bruk som offentleg veg i slutten av 1700-talet, men vegstrekninga stammar frå middelalderen og forhistorisk tid. Prestavegen strekte seg om lag 16 kilometer; frå Prestegarden på Hjelmeland, via Sande, Pundsnes, Lerstøl, Espeland, Byrkja, Ingvaldstad, Eggjabø og Riskedal, langs austsida av Riskedalsvatnet, og til gamlekyrkja i Årdal.
Turvegen frå Årdal gamle kyrkje til riksveg 13 ved Riskedal er 2,2 kilometer. Heile turen rundt Riskedalsvatnet er om lag 5,7 kilometer.
Hugs bandtvang for hundar og vis omsyn til beitedyr.
Monday
Open 24h
Tuesday
Open 24h
Wednesday
Open 24h
Thursday
Open 24h
Friday
Open 24h
Saturday
Open 24h
Sunday
Open 24h
16.10.2024 06:55 local time
Riskedalsvatnet, 4137 ÅRDAL I RYFYLKE